.·: † :·.
Blogg Trixnix
Til Kristi ære
Vaksinius
Trixnix
tirsdag 17. mars 2026
mandag 16. mars 2026
Aukrust: Norske terningar
[
Dikt av
Olav Aukrust
1883 – 1929
]
Lat oss leike med norske terningar –
Noregs gullterningar er til!
Lat det merkast i ord og gjerningar
kva me nyvekte kann og vil!
Spelet lykta då midt i leiken,
døyvd er krafti og burte kveiken, –
Kivlemøyane stend forsteina,
luren rivna og ljodet brast;
livsenstreet vårt, lengselsgreina,
stend som klaka i telen fast.
Me hev ikkje råd til at halvte-karar
skal sitja sessa ved Norigs ror.
Det samer seg ille ein allheimsfarar
å ro i mak denne lunkne fjord.
Til havs, til havs vil me skipet skuve,
og ikkje lenger forgjorde gruve:
kva hjelper strålande mål og minne,
kva hjelper silkesegl høgt i rå,
so sant me kann ikkje leidi finne,
so sant me kann ikkje børen få!
Vår inste, djupaste, kjøvde kjerne
er enn av troll, ikkje byting-bytt.
Og Norigs heilage morgonstjerne
er sedd av berrsøgne menn på nytt.
So, fri vår kjerne frå kjellarlivet –
vårt frø til bløming du fram no drive,
du ljos i kjømdi som djupt oss vitrar
som atterdag gjenom klovna sky –
um sol og sjøgang og segl som glitrar
i morgongufsen av tidi ny.
Som gylte draken på havet halden
av vonde makter i fordoms tid,
for børen losna, ved volve valden,
med sigerruner i røyningsrid, –
so ein dag att innunder lide
skal børen blåse og skipet skride, –
ja, so skal eingong vår fagran draken
imot vårt lysande morgonland
umsider førast av flokken vaken
som hev gullterningan’ i si hand.
Dikt av
Olav Aukrust
1883 – 1929
]
Lat oss leike med norske terningar –
Noregs gullterningar er til!
Lat det merkast i ord og gjerningar
kva me nyvekte kann og vil!
Spelet lykta då midt i leiken,
døyvd er krafti og burte kveiken, –
Kivlemøyane stend forsteina,
luren rivna og ljodet brast;
livsenstreet vårt, lengselsgreina,
stend som klaka i telen fast.
Me hev ikkje råd til at halvte-karar
skal sitja sessa ved Norigs ror.
Det samer seg ille ein allheimsfarar
å ro i mak denne lunkne fjord.
Til havs, til havs vil me skipet skuve,
og ikkje lenger forgjorde gruve:
kva hjelper strålande mål og minne,
kva hjelper silkesegl høgt i rå,
so sant me kann ikkje leidi finne,
so sant me kann ikkje børen få!
Vår inste, djupaste, kjøvde kjerne
er enn av troll, ikkje byting-bytt.
Og Norigs heilage morgonstjerne
er sedd av berrsøgne menn på nytt.
So, fri vår kjerne frå kjellarlivet –
vårt frø til bløming du fram no drive,
du ljos i kjømdi som djupt oss vitrar
som atterdag gjenom klovna sky –
um sol og sjøgang og segl som glitrar
i morgongufsen av tidi ny.
Som gylte draken på havet halden
av vonde makter i fordoms tid,
for børen losna, ved volve valden,
med sigerruner i røyningsrid, –
so ein dag att innunder lide
skal børen blåse og skipet skride, –
ja, so skal eingong vår fagran draken
imot vårt lysande morgonland
umsider førast av flokken vaken
som hev gullterningan’ i si hand.
.·: † :·.
Aukrust: Olsok
[
Sangtekst av
Olav Aukrust
1883 – 1929
]
Samlast alle, samlast no,
høyr kor fagert helsar-ljod
over landet hjalar.
Ljod du gjeve, folkesjæl –
helsa er du: Heil og sæl!
Veit du, kven som talar?
Gled deg hjarta, auga strål!
Det er Norigs håvamål
som or hægdi ljodar!
Sjå, det skin i klovna sky!
Det er Norigs ånd, som ny
skygnar sine tjodar:
«Heil deg, nye fridoms folk!
Vil du være sannings tolk:
ævleg skal du stande!
Gjer då Olavs-draumen sann,
døypt i same dåp som han:
Strål ut ljos frå landet!
Svik du, folk, ditt høge kall,
vert det fleir enn deg til fall.
Då skal dom deg gjeste.
Nekta vert deg førarhònd,
frå deg vik di nørar-ånd,
då skal Norig breste!»
Blankan byrting, branden god,
ringa ligg i røys og ro –
kan du sverdet svinge?
Hev du heila gamle mein?
Samvit-strengen, er han rein?
Han må fulvèl klinge!
Her som sol av hjartans grunn
gløyper myrke midnatt-stund –
her må ljoset vinne!
Lenge løynt av dulram natt:
No kjem skire ljoset att,
renn fram djupast inne.
Høyr, det rýn i Rånåslott!
Ende ned i trollebott
jøtulmakti ramlar.
Høgt uppivi, der det skin,
kjem med Norigs nye vin
han som folket samlar.
Sjå kvar doggsprengd blome skjelv!
Blankare kvar bekk og elv
ut mot havet skundar.
Glåma tunge istak bryt,
Dovrejøtul hamen skyt –
heile landet stundar.
Då fyrst vert i Norig glans,
når den eldste her til-lands,
gamle Dovregubben,
uppvekt av den sanne sol
sterk stig fram or skugg og skjol,
kjem med julkvelds-kubben!
Kivleslåtten, løyst or stein,
Draumkvæ`- tonen mild og rein
i vår Olsok møtest.
Kivlemøyan`fagnar mildt
Olav Åsteson, som stilt
då av sæle grøtest.
Ein på dystretrumba slær, –
høyr all Norigs dulde her –
høyr ein óm i lufti!
Heilag-Olavs kross i skjold
skin og manar tuss og troll
ned i myrke tufti.
Is og jøklar brann i sol,
old var årle, ørnar gol, –
då flaut livsens vatn
ned i Norigs folk, og ny
skal den livsens laug or sky
skire erveskatten.
Ny skal då vår sevjesaft,
gjenomkristna runekraft
kveikje nordmenns gjerning, –
og i morgonglans av nord
atter over tavl-bord
renne skal gullterning.
.·: † :·.
Aukrust: Solmøy
[
Sangtekst av
Olav Aukrust
1883 – 1929
]
Du kalde gyger som stendigt står her
og kastar skugge på tunet vårt:
du er den u-norske ånd som rår her.
Eg veit ei onnor som lengtar sårt.
Eg veit ei onnor, som lenge venta,
og ho er den som er Norigs brur.
Ho er så tindrande norsk, den gjenta,
og ho er fagrar, enn nokon trur.
Ditt namn er Solmøy, din song er siger.
Og soleis er meg ei sanning sagd:
For deg no rivne skal gygri diger,
ja for di strålande augnebragd.
Dei trur, du er ikkje god nok til oss.
Er me gode nok, tru, for deg?
D'et det, det spørst um, so sant me vil oss,
dei mål som òg krev den rette veg.
Dei trur seg trygge, dei trur du stivfraus,
dei trår mot fagnad hjå framandt viv.
Dei trur deg burte, dei trur deg livlaus –
Du som er liv av vårt inste liv!
Du som til himmels på ørnevengjer
bar det veldige Voluspå!
Du som på heilage harpestrengjer
kunde Draumkvædetonen nå. –
Du kjem og kveikjer båd' hug og vilje;
du fyller brunnvatn i mitt krus.
Lat meg i løyndom for deg få gilje
og nemnast son i din faders hus!
Eg trur på deg, Solmøy, som på si Rakel
Jakob, trass alt det hjarte-gnag.
Å tene deg er eit sant mirakel –
sjau år for deg tyktest meg ein dag!
Eg elskar deg, Solmøy! Som Adam Eva –
fordi det slett ingi onnor var!
Ja du åleine min elsk kann gjeva
det sanne, einaste sæle svar!
.·: † :·.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
