Vaksinius
Trixnix

mandag 16. mars 2026

Aukrust: Norske terningar

[
Dikt av
Olav Aukrust
1883 – 1929
]

Lat oss leike med norske terningar –
Noregs gullterningar er til!
Lat det merkast i ord og gjerningar
kva me nyvekte kann og vil!
Spelet lykta då midt i leiken,
døyvd er krafti og burte kveiken, –
Kivlemøyane stend forsteina,
luren rivna og ljodet brast;
livsenstreet vårt, lengselsgreina,
stend som klaka i telen fast.

Me hev ikkje råd til at halvte-karar
skal sitja sessa ved Norigs ror.
Det samer seg ille ein allheimsfarar
å ro i mak denne lunkne fjord.
Til havs, til havs vil me skipet skuve,
og ikkje lenger forgjorde gruve:
kva hjelper strålande mål og minne,
kva hjelper silkesegl høgt i rå,
so sant me kann ikkje leidi finne,
so sant me kann ikkje børen få!

Vår inste, djupaste, kjøvde kjerne
er enn av troll, ikkje byting-bytt.
Og Norigs heilage morgonstjerne
er sedd av berrsøgne menn på nytt.
So, fri vår kjerne frå kjellarlivet –
vårt frø til bløming du fram no drive,
du ljos i kjømdi som djupt oss vitrar
som atterdag gjenom klovna sky –
um sol og sjøgang og segl som glitrar
i morgongufsen av tidi ny.

Som gylte draken på havet halden
av vonde makter i fordoms tid,
for børen losna, ved volve valden,
med sigerruner i røyningsrid, –
so ein dag att innunder lide
skal børen blåse og skipet skride, –
ja, so skal eingong vår fagran draken
imot vårt lysande morgonland
umsider førast av flokken vaken
som hev gullterningan’ i si hand.


.·: † :·.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar.
Her er noen emojis du kan bruke (kopi og lim):

🙂 😊 😌 😃 😄 😛 😶 😐 🙁 😟 😕 🤡 🍓 🍒
😮 😯 😪 😉 😢 😥 😦 😓 😏 😒 👱 👱‍♀️ 🧒 👧
❤️ 💛 🧡 💚 💙 💜 🤎 🖤 🤍 💔 🔔 🌞 🌙 ⭐️
👍 👎 🌼 🌻 🌹 🌷 🌸 🌺 💐 🏳️ 🏳️‍🌈 👒 🎩 ✨ ⛄